torsdag 12. mars 2009

Gløymebok dagen

Onsdagen gjekk fortare enn me hadde rekna med. Først i dag fant underteikna ut at han hadde forsømt si plikt og blogga, lovnaden frå sognaprinsen om at han skulle blogga blei gløymd.

I går var første dagen då det var mogleg å kasta stilongsen uten å få forfrysningar på alle delar av kroppen. Dette greide Ole G og Viv å utnytta til dei grade, dei tok lunchen utanfor huset. Dei fekk utnytta uteplassen sjølv om det fortsatt ligg ein halv meter snø der. Men sidan begge er bergensera har dei vet til å utnytta ein dag med sol. Bergensera meiner at det sikraste vårtegnet er at dei byttar ut saltebilane med paraplyar. I går fant dei ut at det fins andre vårtegn. Gleden over den fine lunchen vart fort reven vekk då Eilif fant ut at det var fantastisk morro å kasta snø på dei medan dei satt der, gråtkvalt gjekk dei tilbake til skulen for å få meir lærdom.

Middagstider kom med ein høydare, Eilif og Ole G varta opp gjengen med god mat frå han mø. Tilbehøret var fantastisk fløtegratinert sopp, fantastiske fløtegratinerte poteter, fantastisk mais og fantastiske tomater. Vivian kom smygande og Annichen var her og for å dra nytte av gutta i kjellern. Anton reiste tidleg til byn for å møta ein kompis.

Kvelden blei tilbrakt på forskjelligt vis, nokon med fotball og øl, medan nokon dreiv med litt meir øl og litt mindre fotball.

Dagens slutt count: 4.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar