Me reiste til Sverige, mermare bestemt Charlotenberg. Ovid vart med på utflukt, og medan undertegna sto og "skrudde" på the pimpmobil kom Fjelltøsa og Tommy (han breie) og blei freista av utflukt til vår nabo i aust.
Turen var i gang i ca 13 tida, noko som seinare skulle visa seg at var litt for seint på dag.. Når vi var godt i gang med turen og eit stykke forbi Fetsund fant me ut at det burde ha vore løyvd litt pengar på national transportplan til denne vegen mellom naboen og Fetsund. Ein kombinasjon av dårleg veg, dårleg tolmodigheit av sognaprinsen og eit gammalt ektepar i ein KIA skulle det visa seg at me skulle ha høgare puls der enn gjennom tollen på veg tilbake. Men det gjekk fint.
Når me kom til kjöpcenteret var me som ein gjeng single gutar kl 0250 ein lørdagskveld. Lite å tenka på og lite å tenka med gikk me for å kjøpa litt av djevelens jord utan å tenka på djevelens saft. Etter å ha stått i kø for å kjøpa snus og korv av ein udugeleg svenske gikk me mot systembolaget for meir innkjøp, der blei me møtt av ein securitas vakt, me såg på klokka og den var 1501, dei som har lyst, kan tippa når det stengte..
Litt missnøgde gjekk me mot kjøttberget, kanskje det var der me gløymde grunnen for turen, aurahovene. Etter ei stund var me ferdig med innkjøp av kjøt og godis fant me ut at me trengde litt meir foredla kjøt enn det ein finn på rema, Ronald sto for turen, at han kan laga god mat er å skryta på han, men det gir deg ein følelse av å ha næring i kroppen.
Turen heim gikk litt bedre enn turen bort, national transportplan blei ikkje nemnd og 2 søte små sovna i baksetet. Einaste stoppen på tur heim var "sentrum" der Tommy fikk handla seg litt øl.
Vel heime kom me på grunnen for turen, aurahove. Men glade og nøgde av å ha handla inn suplies for ei tid fekk me bita i det sure eplet og heller ta oss ein bolle. Tanken på aurahove e der fortsatt, så mogelegheita for ein ny laurdagstur er stor.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar