søndag 10. mai 2009

Det store pc mysteriet!

Når helga nermar seg slutten er det fint å kunne oppsumere med en blogg. Helga har brakt med seg fine og litt mindre fine opplevelsar. 

Fredag varta Ole Geir oss opp med god mat i form av ovnsbakt torsk med ris, ein svært god rett som falt i smak hjå alle deltakarane på gildet. Resten av fredagen blei tilbragt i kjellaren av Eilif C, Ole G og underteikna, medan Anton I hadde sosialt samkvem saman med trommeprinsessa.

Starten av laurdagen vart tilbrakt i senga. Godt utpå dagen tok vi oss ein tur til Alna, først og fremst var turens mål å få tak i ei hylle til den nyinnkjøpte power freezen, når vi ikkje lykkast med dette oppdraget reiste vi til smart club og dei som skulle ha gladbrus kjøpte det medan han som ikkje skulle ut kjøpte alt anna drit. 

Anton I freista lykken i Holmenkollstafetten, han sprang inn på Bislet og sikra 172. plass. Ein finfin prestasjon av alle 15 som var med frå skulen. 

Underteikna hadde ein roleg lørdag saman med familie. Dei 3 andre hadde ein ikkje fult så roleg kveld på Nordstrand, der var det heime fest og det som høyrer med til ein ekte heimefest var sjølvklart representert. 

Noko som ikkje var like kjekt med helga er at det vatar to pcar i kjellaren. Då vi våkna til liv i dag var pcen til Ole G og Anton I vekke. Vi har leita gjennom hele kåken og det ser ut som dei er vekke. Enten er dette ein latterleg dårleg spøk, eller så er vi utsatt for eit innbrot. Ole G og Anton I går frå dør til dør i huset no i skrivande stund og prøver å finne ut om folk har alibi. Vist det er tjuvar som har vore på ferde må vi få utrykke vår missnøye med dagens kriminelle, det var ikkje berre dei to pcane som låg framme, det var naturlegvis to pcar til som låg her i kjellaren, i tillegg er det mykje anna av verdi som står her, men av sikkerhetsmessige grunnar ønsker me ikkje å skriva kva av verdi som står her. 

Vist dette er en dårlig spøk frå nokon vi kjenner, så ber vi dei sei i frå med ein gong slik at vi slepp å gi politiet ein falsk anmeldelse!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar