lørdag 30. mai 2009

Kosedag for majoriteten :)

Når kroppane var ferdigkvilte og engletårene var tørka ut augnakroken blei gutta og fruene i kjellaren hugen på litt leik og moro. Sola sto høgt på himmelen og einaste skyene som var i milevis omrets var kruttskyene frå eit gjengoppgjer på Bjerke. 

Eilif og hans utkåra starta dagen ganske tidleg og reiste til byn for å kjøpa mac book. No har han endeleg fått seg noko han har lengta etter sidan han entra kjellaren. 

Billete er eit såkalla arkivfoto (foto: ukjent)

For resten av gjengen var det ein slapp start på dagen, underteikna og hans fru hoppa ut av loppekassen i 12 tida, og Anton I kom krypande etterkvart. Me fant ut at dagen kunne brukast til å leike og svi litt hud. 

Vi tok turen til middelalderparken, sola steikte så det lukta svidd og me fekk leika oss mykje. Med på leiken var Anton I, Kjersti, Eilif, Marthe Annichen, Berit, Natascha, Stine, Mæggi, Helene og ein ukjent naken mann.

Som de ser hadde vi ein fin dag, når sola hadde steikt oss så mykje at skallebanken hadde smoge seg inn i hovudene våre kom me på at det er helg og at vi burde gå og se på operna. Der var det kanskje om mogleg kanskje enda varmare enn i parken. Men fint var det.

Og ja, eg ser at eg er lang.Ein fin dag :) Håpar Ole G hadde ein like fin dag på Sotra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar